Skrevet av
Vebjørn Bakken,
26. okt, 2020
Hei! Her er sikkert folk som kjenner til Grindvoll i "gamle dagar"? Eg jobbar med historia til Oslo Songdanslag, ein leikarring i Oslo. På 1930-talet drog laget 4 gonger på "utflukt" til Grindvoll og arrangerte dansefest der for folket, og viste fram norsk
folkedans. Dei må ha leigd eit forsamlingslokale, namn? Det ser ut til at dei overnatta hos "Fossheimfolket". Er det noko som er kjent? Eit hospits eller liknande? Turane var 11/10-1930, 39/6-1931, 16/6-1934, og 14/10-1935. Vi veit ikkje kvifor laget akkurat
reiste til Grindvoll. Er det nokon som har kommentarar, så vil vi sette pris på det!